Næringsliv
Ungdom og utdanning
Design fagmiljø
Om DiFF
 
- Mål med prosjektet
- Organisering
- Samarbeidspartar
Lenkjer
DesignDatabase
Grafisk profil

Stryn Næringshage
Tlf: 57 87 54 50
E-post: post@diff.no









Om DiFF

”Design er overalt – å leite etter ein definisjon treng derfor ikkje hjelpe deg med å forstå kva det eigentleg er”
 
Bakgrunn

Design er eit verktøy for produsentar av varer og tenester for å betre bedriftene sine produkt og visuelle profil. Formålet er å auke kundenøgdsemda og bedriftene si konkurranseevne og lønnsemd.

Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Stryn Næringshage ser næringsretta design som eit viktig verktøy for å skape innovasjon og auke konkurranseevna til bedriftene i fylket.

Vi har arbeidd for å fremje fokus på design i Sogn og Fjordane sidan 2003. Tilbakemeldingane frå næringslivet, elevar og lærarar så langt er gode og det er konkludert med at det er behov for ei langsiktig og koordinert satsing på design i fylket.


DIFF - Designsatsinga i fjordfylket

Designsatsing i Fjord Fylket (DIFF) er ei framtidsretta, langsiktig og koordinert satsing for å skape meir konkurransedyktige bedrifter i Sogn og Fjordane. På kort sikt delar vi satsinga opp i konkrete og mindre delprosjekt med gitte tidsmessige, organisatoriske og økonomiske rammer. Alle delprosjekta skal være små steg i retning av vår langsiktige målsetting.