NYHEITSBREV, Mars 2007

     
 
 
 
 
 
NÆRINGSUTVIKLING
 
 
bilde 1
 
bilde2
 
 
Fantastiske skiforhold
Knallblå himmel, sol og gnistrande skiføre. Vi har drøymeforhold både i skibakkane og i turløypene:
- www.nordfjord.no
- www.strynskisenter.no
- www.fagrestryn.no
 
Pretre satsar stort i Gausdal
Pretre saman med Gausdal kommune presenterte i ettermiddag planar for bygging av ny fabrikk i Gausdal som åleine får ein kapasitet på meir enn dagens totalkapasitet ved Pretre sine fem fabrikkar rundt om i landet. Les meir
 
Holmøyskarrennet 2007
Idrettslaga Veten, Hardbagg og Markane inviterar til Holmøyskarrennet 01. april 2007. Les meir
 
Ny nettside for Stryn Sommerski
Stryn Sommerski utviklar ny nettside i desse dagar. Ein betaversjon er allereie lansert. Les meir
 
Vår i lufta!
Det nærmar seg påske. Med sol frå skyfri himmel har våren alt etablert seg i Nordfjord.
 
Håpar du finn mykje interessant å lese i nyheitsbrevet. Send det gjerne vidare til venner. Neste utgåve kjem før sommaren... Vi ønskjer alle ei fin påske!
 
Jobbmoglegheiter i Stryn?
Stryn og Hornindal har eit sterkt næringsmiljø med brei variasjon og mange interssante utfordringar.
- Kompetansedatabasen
- Registrering
 
Nyskapingsprisen 2007
Stryn Næringssamskipnad, Stryn Næringshage, Nordea og Sparebanken Sogn og Fjordane ønskjer forslag til Nyskapingsprisen 2007. Les meir
 
Lokalt designtalent
Møbeldesignar Gunnar Berstad frå Stryn designar smarte møblar som passar til små urbane leiligheiter. Les meir.
 
Treng du kontorlokale?
Stryn Næringshage kan tilby både kort- og langtidsleige i attraktivt kontorfellesskap i Stryn. Les meir
 
Utmerking til Reisemål Stryn & Nordfjord
Under reiselivsmessa ITB i Berlin, var det utdeling av Scandinavian Travel Award 2007 på den nordiske ambassaden. Her fekk Nordfjord Vandrefestival den flotte utmerkinga "Top Ten" i kategorien ”Innovation.” Målet med Scandinavian Travel Award er å belønne nytenking, service og vellukka marknadsføring innan nordeuropeisk turisme. 2007 er tredje året Reisemål Stryn & Nordfjord vil arrangere Nordfjord Vandrefestival. Les meir
 
Næringslivsmesse i Bergen og Trondheim
Dei tre inkubatorane i fylket har etablert ein allianse og viste seg for første gang på næringslivsmessa for studentar i Bergen og Trondheim. På messa i Trondheim var også Stryn Næringshage representert. Les meir
 
Kapital og næringsutvikling
Måndag 26. mars var det informasjonsmøte om kapital og næringsutvikling i Stryn. Her finn du meir informasjon frå Fjord Invest, Sparebanken Sogn og Fjordane, Inkubator Vest og Stryn Næringshage. Les meir
 
Drahjelp til å starte ny bedrift?
Anne van Oorschot, dagleg leiar i Inkubator Vest, er sikker på at det finst mange gode forretningsidear rundt omkring blant folk. Og no er tida inne til å få dei på bordet. Inkubator Vest kan tilby ei rugekasse for ideen for å sjå om det kan kome ei vekstkraftig bedrift ut av dette. Les meir
 
Ordførar stiller til attval
Nils Petter Støyva tek likevel attval som ordførar. Han takkar ja til å bli nominert på toppen av Ap-lista i Stryn. Les meir
 
Cruisekai klar i mai neste år
Den nye cruisekaia i Olden med plass for to store cruiseskip etter kvarandre, skal stå ferdig i mai 2008. Les meir
 
Beste gastronomiske nisjeprodukt
Ungdomsbedrifta ”BIT-ein smak av natur” frå VG1 Restaurant- og matfag ved Stryn vidaregåande skule fekk prisen for ”Beste Gastronomiske nisjeprodukt” på Fylkesmessa for Ungdomsbedrifter i Førde torsdag 15.februar. Les meir
 
Hytteboom i Stryn
På eitt år er det selt rundt 80 hyttetomter ved Stryn skisenter. No er dei første hyttene klare til bruk. Les meir

Ta kontakt med oss!

Kontakt oss dersom du har synspunkt, kommentarar eller idear til nyheitsbrevet.

Kontakt oss janerik@stryn-nh.no

Send oss ein e-post du ikkje ønskjer å få tilsendt nyheitsbrevet i framtida.