NYHENDEBREV FRÅ STRYN NÆRINGSHAGE

SOMMAR 2008
     

Lake Travel & Event

Bergtatt Stryn

Sommarski


NYHENDE

Fjordingen

Strynenytt

 
NÆRINGSUTVIKLING  

Stryn Næringshage

SNS

Inkubator Vest

Framtidsfylket

www.driftig.no

Designsatsinga i Fjordfylket- DIFF

Stryn kommune

Hornindal kommune

 bilde 1

 
NYTT FRÅ NÆRINGSHAGEN

Med verknad frå 1.juni tok Jøran Henriksen over som dagleg leiar i næringshagen. Henriksen har bakgrunn mellom anna frå Sparebanken Vest på Nordfjordeid og som dagleg leiar i ulike selskap.

Konstituert dagleg leiar Helge Gjørven går over i ei nyoppretta stilling som prosjektleiar i næringshagen.  Dei siste åra har han jobba med samarbeid mellom skule og næringsliv,  næringsutvikling gjennom Fyrtårnprosjektet, Stryn Næringshage  og eiga verksemd.

Stryn Næringshage aukar med dette kapasiteten for å bli ein endå viktigare næringsutviklar i samarbeid med lokalt næringsliv. Les meir

Har du ein forretningsidé? Ta kontakt med Stryn Næringshage! Vi har som målsetjing å hjelpe fram alle som vurderer å starte eiga bedrift i Stryn.

Ø  Såkornmidlar

Ei ordning der nyetablerarar kostnadsfritt får hjelp med søknadar, forretningsplan og lovverk.Les meir

Ø  Kontorplass

Vi leiger ut kontor med tilgang til breiband, kopimaskin, kantine m.m. for kortare eller lengre periodar. Les meir

Ø  Nettverk

Vi husar i dag 19 bedrifter og kan tilby eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse i trivelege omgjevnader. I tillegg har næringshagen eit stort nettverk i fylket.

Kommunen vår har mykje å tilby og treng deg og din kompetanse!          Ta kontaktfor eit møte i Stryn Næringshage eller for å få tilsendt meir informasjon.

 LEDIGE JOBBAR

Kommunane Stryn og Hornindal har eit variert næringsliv med ei rekkje spanande moglegheiter, både for nyutdanna og for dei med arbeidserfaring som søkjer nye utfordringar.

 Haugen Norge  i Innvik er mellom bedriftene som treng din kompetanse. Dei søkjer etter marknadskoordinator og salssupport.

Er du sivilingeniør, ingeniør, landskapsarkitekt eller sivilarkitekt bør du ta kontakt med Nordplan , som lyser ut fleire stillingar innanfor byggeteknikk/konstruksjon, vasskraftutbygging og veg- og VA- planlegging.  

Jentene i Aloha Hemp  søkjer etter ein sals- og marknadskonsulent som ønskjer å jobbe med kundeoppfølging, marknadsstrategi, ha ansvar for messer og events og i tillegg er reiseglad! 

 Dooria  er òg mellom dei som lyser ut ledige jobbar. Mellom anna søkjer dei kvalitetsansvarleg for Dooria Noreg, med ansvar for overvaking, sluttføring av reklamasjon og oppfølging.

 Tenden Container og Gjenvinning   søkjer etter ein selgar som skal planleggje ulike marknadstiltak, følgje opp kundar og drive innsal.

Kunne du tenke deg å jobbe i ei spanande og innovativ strynebedrift? Nomek  søkjer etter dagleg leiar som mellom anna får ansvar for bedriftsutvikling, oppfølging av medarbeidarar, leiing og nettverksbygging.

Har du gründer- ånd og kunne tenke deg å drive restaurant eller kafé i Stryn? Meir informasjon  her 

 

 
 
 
 
bilde2
Foto: Christian Houge

  

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Spanande nyhende frå sommarglade Stryn!

I dette nyhendebrevet kan du mellom anna lese om   ”gründerbygda” Stryn, positiv folketalsutvikling i kommunen, designstudentar i praksisopphald hjå Farmhouse, sommarglade nyhende frå reiselivsbransjen og kven som er ny dagleg leiar i Stryn Næringshage. Du får òg informasjon om ulike tilbod til nyetablerarar og ledige jobbar i næringslivet. I tillegg får du svar på kva som er ”siste skrik” i moten for rocka smårollingar!  

God lesnad og god sommar!
Send gjerne brevet vidare til andre stryneambassadørar... 
 
 

Stryn på kartet som ”gründerbygd”

Kva er det med Stryn og nyskaping? Dårlege kår for Jantelova, eit sterkt lokalt næringsliv som fremjer innovasjon, nye tilbod og aktivitetar innanfor turisme og friluftsliv og ikkje minst er det lov å tene pengar. Slik forklarar Simen Staalnacke, Gro Flølo, Kjersti Kvamme, Per Dag Nedreberg, Nils Petter Støyva og Jens Christian Skrede kvifor Stryn har markert seg som eit senter for kreativitet og gründerverksemd. Les artikkelen i avisa Nationen.

 

Fleire stryningar

Folketalsutviklinga i Stryn kommune viser ein positiv trend. Statistisk Sentralbyrå melder om ei auke i folketalet på 63 personar i 2007. Samstundes er det fleire tilflyttarar enn fråflyttarar i kommune. Les meir på kommunen sine heimesider.
 
Sommarglade Stryn  - 25 år
Stort jubileumsprogram blir lagt ut på Fagre Stryn
 

Store planar i Lodalen

Stryningane Rune Holen og Per Helge Bø er initiativtakarane til storsatsinga Ramnefjell Naturarena i Lodalen. Senteret skal tilby naturopplevingar og ulike aktivitetar til dei besøkande og vere eit nasjonalt kompetansesenter for historieformidling og skredforsking. Innovasjon Norge har løyva 500 000,- i midlar til utgreiing og forprosjekt. Etter planen skal senteret stå klart i 2011.     

 

”Stryn sweet Stryn”

Strynejentene Anita Vinsrygg og Kari- Ann Kaspersen Wemby har starta reise- og eventbyrået LAKE. Dei skreddersyr reiser og program både for enkeltpersonar, grupper og bedrifter ved hjelp av lokalkunnskap og kjærleik til heimstaden sin.           – Bygda vår er noko utanom det vanlege, skriv jentene i brosjyra si på nettsidene

 

Nysatsing i Briksdal Adventure

Det nye aktivitetsprogrammet frå Briksdal Adventure omfattar eit breidt spekter av mellom anna fartsfylte ”tupéløft” i RIB-båt på Nordfjorden og segling og overnattingsturar i ein Jeanneau Sun Odyssey. Vidare satsar dei på aktivitetspark med hinderløype, bogeskyting og paintball, fjellturar, servering og sjølvsagt breføring og bresafari. Les meir om tilbodet her

  

Bergtatt Stryn med nytt konsept

Thomas Heisig og Henning Heimlid i Bergtatt Stryn satsar mellom anna på klatring, terrengsykkel, multisport, skredkurs, toppturcampar og skiskule, og utvidar dermed tilbodet både på sommar- og vinterstid. Stryningar på ski i Hemsedal, Lyngen og Sunnmørsalpane bør merke seg at gutane òg arrangerer kurs og turar i desse områda! Meir informasjon på dei nye nettsidene  

 

Gondolbane ved Stryn Skisenter 

Ei gondolbane frå Stryn skisenter (320 m.o.h.) til Marakråna (845 m.o.h.) under Gryta kan forlenge skisesongen vinterstid ved Stryn Skisenter. Ei gondolbane vil òg kunne nyttast heile året og bli ein turistattraksjon utanom det vanlege, seier styreleiar i Stryn Skisenter Eivind Grov.
 

Sommarski- opning

I siste liten før sesongstart vart det bestemt at bre- heisen på Strynefjellet likevel skulle monterast opp. Men under opningshelga fekk montørane tekniske problem, og ein måtte difor ta beina fatt for å kome heilt til toppen. Likevel viste breen seg frå si beste side og baud på solskin og storfjellskøyring på herleg sommar- sløsj! Les reportasjen i Fri Flyt

 

Designstudentar til Stryn

For andre året på rad er dagleg leiar Gro Flølo klar til å ta imot 5 designstudentar til sommarbyrået i Farmhouse. Studentane, som har utdanning innanfor visuell kommunikasjon, eksponering og grafisk design skal jobbe med konkrete oppdrag frå ulike bedrifter i Sogn og Fjordane. Sommarbyrået er eit godt tilbod til bedriftene og fremjer innovasjon og nyskaping i det regionale næringslivet. Samstundes får studentane viktig praksis og erfaring. Les meir        

 

GULP: siste skrik for rocka smårollingar…

Linn Therese Nordland, designar i Farmhouse og gründer av eiga bedrift, var lei av søte blondar og pastellar. Under slagordet ”rocka, rampete og utradisjonell” har den første kolleksjonen av babykle -merket GULP fått god mottaking i motebransjen. Les meir og sjå kolleksjonen på heimesidene.      

   

Motemekka med eiga handlegate

Moods of Norway har opna butikk i Olden. Dette betyr at bygda no byd på smakebitar frå nesten alle klesdesignarane i kommunen; Riccovero, Skogstad Sport og Moods of Norway. Desse og Kappa- butikken gjev eit variert tilbod i “handlegata” frå kaia til sentrum- frå smooth sailing og siste trend til sporty mote og fritidskle!

 

Ny industrisatsing i Stryn

Paul Roger Sunde har starta opp bedrifta Industri- Lakkering AS, som har utvikla nye og meir miljøvenlege måtar å drive industriell lakkering. Han vert den første gründaren som får hjelp til nysatsing av Inkubator Vest. Ifølgje dagleg leiar Anne van Oorschot i Inkubator Vest skal dei gje drahjelp til gründarar og fremje prosjekt som utløyser potensialet i allereie eksisterande industri.

 

Gøy på landet! 

Dette er tema for ERFA- treffpunkt, ein årviss møteplass for næringslivet i Stryn og Hornindal i regi av Flo Aktiv og Stryn Næringshage. I år kan ein høyre foredrag om opplevingar som vekstnæring, samferdsle som råme for næringslivet og leiing og motivasjon. Arrangementet grå av stabelen 26.juni på Villa Visnes. Program og påmelding her
 
 

NESTE NYHENDEBREV FRÅ STRYN NÆRINGSHAGE

Neste nyhendebrev frå Stryn Næringshage kjem i september.

Dersom du har ei sak som fortener merksemd, kommentarar til nyhendebrevet eller ønskjer å lyse ut ei stilling, gjer vel og ta kontakt med oss. Dersom du ikkje ønskjer å motta desse nyhendebreva i framtida sender du ein e-post til dagleg leiar Jøran Henriksen.